onsdag 21. oktober 2009




Eg gjorde den lille synda i dag...eg har begynt å glede meg til advent og jul! Eg har alltid greidd å holde meg til slutten av november, men nokre ganger går berre ting ikkje akkurat slik ein hadde tenkt. Men, eg har greidd å avstå fra julebrusa så langt, heldigvis. Bilda ovanfor er fra ankerliving.dk. Ein nettbutikk med eit uimotståelig spekter av farger og enkle fine ting.

lørdag 17. oktober 2009


frå feinedinge.at

mandag 12. oktober 2009

Nettet mitt heime er nede, så det blir lite innlegg ei stund framover desverre. Skal prøve å få lagt inn litt når eg har tilgang andre plasser...

torsdag 8. oktober 2009

I dag skal Ulrikke i fødselsdagsselskap til ei barnehageveninne. Vi har pakka fint inn med papir fra Panduro og band frå Ikea. Det artige kortet er frå mamma mia og lille pia, som du blant anna kan finne på trollungen.


onsdag 7. oktober 2009

Av og til skulle eg ønske eg hadde fulgt betre med i sløydtimane til lærer Rekdal. Denne er sikkert for dyr til å kjøpast...om eg berre kunne ha laga ei sånn sjølv! Meubles&Cie


Treng eg egentlig å sei noko...gå inn på cupcakeblog og la deg friste meir.


Mykje bra energi og mykje rosa...akkurat sånn vi vil ha det på en så grå dag som i dag....i tillegg vart eg veldig motivert til å gjere litt heklearbeid. Bildet er frå String Furniture.

tirsdag 6. oktober 2009

Ein wallsticker som eg kjøpte på tapetgalleriet. Den skal mest trulig vere i trappeoppgangen...får sjå kva eg finn på når eg skal begynne å innrede på skikkelig!


Tre nye heklebøker kom i posten for ikkje så lenge sidan. Mange nye artige prosjekt eg kan begynne på her (når eg omsider blir ferdig med lappeteppet mitt...)




Ei god oppskrift på Chai-te som eg fann i interiørmagasinet.


Til to kopper:


4 dl melk

2 dl vatn

Chai-te blanding (gjerne Tengla-Chai som du får kjøpt hos tehagen.no)

2-3 kanelstenger

1/2 ts kardemomme

1/2 ts kanel


Kok opp melk og vatn med kanel og kardemomme. La teen trekke i 3-5 minutt.
Drømmestolen...blir aldri lei av å betrakte denne. Det beste av alt er at den faktisk er god å sitte i også. Wegner har virkelig forstått det.


Spisebordet som eg har bestemt meg for å kjøpe om det er nokre slanter igjen etter betaling av hus. Ser for meg Ulrikke sitte med teikneprosjekta sine ved dette bordet medan eg sitt og drikk ein kopp med rykande varm Chai....mmmm gler meg til livet i nyhuset.


mandag 5. oktober 2009

Gler meg veldig til å få ei fin ramme på dette bildet...det får bli når eg har funne det rette. Bildet kjøpte eg på aksjon og er forferdelig stolt over å bli en eiger av eit Gedal bilde, sjølv om eg er ein av ganske mange. Teknikken som er brukt er Giclée, en metode som blir meir og meir brukt også her i Europa. Gedal er ein ganske sky kunster. Kommentaren hans til det er;

- En sann kunstner vil søke kunstens verdier alene, og det er kunstverket i seg selv som er av interesse. Å vite alle personlige detaljer hjelper sjelden betrakteren med å forstå et kunstverk, men ødelegger heller muligheten til å bygge opp en ny forståelse av verket.