lørdag 21. november 2009

Gresskarpuff

Eg har leita ei stund etter julegåve til Ulrikke. Hadde bestemt meg for å ikkje gi noko leike i år, men noko som ho praktisk talt kunne sitte på. No som ho skal flytte inn i nytt rom, vil ho sikkert sette pris på denne gresskarpuffen. Ein blir berre glad av å sjå på denne! Ta ein titt på den på www.boxdelux.dk

onsdag 18. november 2009

Prints fra Little Paper Planes



Når eg ligg sjuk heime og kjeder meg, kjem ofte kjøpelysta fram. Det hjelp heller ikkje på at eg snart skal flytte inn i nytt hus som eg lengter etter å fylle med ting som eg liker veldig godt. Desse to nydelige bileta (prints) fann eg på nettbutikken Little Paper Planes. Og tru det eller ei, dei er sikkert på veg heim til meg i morgon. Gjett om eg gler meg. Takk Bloesem som tipsa om denne sida!

fredag 6. november 2009



Etter mange dager med flytting og spikring av kjøkken og bad, er det deilig med ein slapp fredagskveld med god musikk. Med toner fra Billie Holiday lengter eg meg fram tre veker, til eit ferdig hus, klart til å gi godt husrom til meg og Ulrikke. Åååå, så utrulig kjekt det skal bli! Ha ein fin aften alle sammen...