lørdag 23. januar 2010

Bildegilde



No har eg fått ramme på nokre av bileta mine...det oransje/rosa maleriet har Ulrikke laga i barnehagen og det er berre så flott!! Flinke jenta mi :) neste oppgåve er å finne ein plass på veggen.

fredag 22. januar 2010

Kokke-Ronny

Må legge inn eit lite skryteinnlegg av søskenbarnet mitt, Ronny, som er kokk på kokkelandslaget. Han er i Sør-Amerika no på ein kokkekonkurranse, så no benytter eg denne anledninga til å ønske han lykke til!! :)

Origami...i porselen





På ein fest i romjula traff eg ei virkelig dyktig kunstnerinne, Stine Walderhaug :) kom over produkta hennar på madeinnorwaynow.no Absolutt verdt å ta ein titt!


torsdag 21. januar 2010

Matryoshka

Nokre fine korssting-Matryoshkaer. Du finn dei på Superbuzzy...enjoy!

onsdag 20. januar 2010

Origami


Når man er uten Tv og delvis internett, er det utrulig kor mykje rart ein kan finne på. Var innom BloesemKids og vart veldig inspirert av dette Craftprosjektet. No er det berre ramme som manglar...


Elles er det fole lenge sidan eg har vore på bloggen min no. Har som sagt vore utan nett og i tillegg har det vore innflytning i nytt hus. Herlig!!! Skal legge ut nokre bilete her når eg har fått ting litt på stell...og får låne speilreflekskameraet til mor. Som dokke ser duger ikkje kameraet mitt...eller kanskje det er fotografen som ikkje duger!

mandag 7. desember 2009

Eller kanskje eitt av desse?? valgets kvaler :)

Endelig fann eg eit stoff som kjem til å passe på dei to kjedelige krakkane mine :) www.papernstitch.com

lørdag 21. november 2009

Gresskarpuff

Eg har leita ei stund etter julegåve til Ulrikke. Hadde bestemt meg for å ikkje gi noko leike i år, men noko som ho praktisk talt kunne sitte på. No som ho skal flytte inn i nytt rom, vil ho sikkert sette pris på denne gresskarpuffen. Ein blir berre glad av å sjå på denne! Ta ein titt på den på www.boxdelux.dk

onsdag 18. november 2009

Prints fra Little Paper Planes



Når eg ligg sjuk heime og kjeder meg, kjem ofte kjøpelysta fram. Det hjelp heller ikkje på at eg snart skal flytte inn i nytt hus som eg lengter etter å fylle med ting som eg liker veldig godt. Desse to nydelige bileta (prints) fann eg på nettbutikken Little Paper Planes. Og tru det eller ei, dei er sikkert på veg heim til meg i morgon. Gjett om eg gler meg. Takk Bloesem som tipsa om denne sida!

fredag 6. november 2009



Etter mange dager med flytting og spikring av kjøkken og bad, er det deilig med ein slapp fredagskveld med god musikk. Med toner fra Billie Holiday lengter eg meg fram tre veker, til eit ferdig hus, klart til å gi godt husrom til meg og Ulrikke. Åååå, så utrulig kjekt det skal bli! Ha ein fin aften alle sammen...