søndag 21. februar 2010

Vårkjensle


Ulrikke hadde besøk av tre små tauser i dag, og då fekk eg endeleg tid og fred til å vaske og lage det koseleg i huset. Det vart berre vask i øverste etasje, då desse fire små søte tausene hadde bombadert så og seie heile underetasjen, men ingen sure miner av den grunn :) Koselig med mange ungar i hus! :) Litt bilete fekk eg tatt av vintersola som kom og skinte gjennom glaset og som ga meg ein herleg, tidlig vårkjensle!



Nokre knappar som eg har laga og snart visne tulipanar...



1 kommentar:

  1. Ååååå - vis oss meir av huset ditt!!

    Det ser jo ut som bileta er tatt rett ut av eit blad! ;) Herleg!

    Og jammen er dette eit rart fenomen...fyll opp huset av ungar, og plutseleg får ein tid for seg sjølv! Herleg!

    Ha ei fiiin veke!

    SvarSlett